Kirkhorn krins

Kirkhorn krins i Hornindal i noverande Volda kommune låg i det området der tettstaden Grodås er i dag, med kyrkje, hotell og butikkar. Skulehuset frå 1939 var i bruk som skule fram til 1974 og står i dag mellom kyrkja og hotellet. Nyeskulen ligg rett nord for kyrkja ved idrettsplassen.

Kirkhorn skule frå 1939.
Foto: Åsmund Espe

Skulehus

Kirkhorn skule (1)

Gamleskulen på Kirkhorn vart bygd på privat initiativ av klokkar Rasmus Kirkhorn på Kirkhorn i 1832. Dette var eitt av dei første faste skulehusa i Sogn og Fjordane. Hornindal almuebibliotek vart skipa i 1846. Det fekk plass i gamle Kirkhorn skule.

Kirkhorn skule (2)

Kirkhorn skule (2) vart bygd i 1868.

Kirkhorn skule (3)

Kirkhorn skule (3) vart bygd i 1939 og var i bruk som skule til 1974. Frå 1963 til 1974 vart Kirkhorn skule brukt som fellesskule for alle storskuleborna i kommunen inntil sentralskulen på Kirkhorn stod ferdig i 1974.

Hornindal barne- og ungdomsskule

Hornindal barne- og ungdomsskule har sidan 1974 samla alle elevane i ein skule.


Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Femårsmelding: Indberetning om Hornindals Folkeskole for 1891-95. Nordfjordeid. Trykt hos J.O. Olsen
  • Femårsmelding: Hornindals folkeskole - Beretning om dens virksomhed 1896-1900
  • Frå bru til bru - vegen gjennom Hornindal frå generasjon til generasjon - vegen gjennom kulturhistoria. Tematisk kommunedelplan for kulturminne-kulturmiljø 201671019. Hornindal kommune

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.972646° N 6.523745° Ø