Kirkhorn skule (3)

Kirkhorn skule i dåverande Hornindal kommune, som vart bygd i 1939, var den tredje skulen i Kirkhorn krins. Skulehuset er framleis i bruk og er plassert i tettstaden Grodås, mellom kyrkja og hotellet.

Kirkhorn skule fotografert i 2016.
Foto: Åsmund Espe

Skulehuset

Dette skulehuset vart bygd i 1939 og fungerte som vanleg krinsskule for Kirkhorn krins fram til 1963. I 1963 vart alle elevane i Hornindal samla i ein krins, men det nye skulebygget stod ikkje klart. Skulen vart difor delt i to, og denne bygningen fungerte som skulehus for alle storskuleborna i kommunen fram til 1974.

Anna bruksområde

Etter 1974 har skulehuset vore brukt til bibliotek, kyrkjelydsstove, lager, fritidsklubb, førskule, motorlære, speidaren med meir.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Frå bru til bru - vegen gjennom Hornindal frå generasjon til generasjon - vegen gjennom kulturhistoria. Tematisk kommunedelplan for kulturminne-kulturmiljø 201671019. Hornindal kommune

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.969448° N 6.524468° Ø