Knarlivegen
Knarlivegen på Lifjell i Bø i Midt-Telemark kommune går nordover frå Lifjellvegen ved Jønnbu til stulane Knarliene i Årmotdalen og er drygt 2,4 kilometer lang. Det går ein namnlaus skogsveg 4–500 meter vidare til stulen Grobuskåra.
Vegen har namn etter stulane Knarliene og blei namnsett i 2013.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Bø kommune, Plan, teknikk og næring, Sak nr. 102/13, 3. desember 2013.
- Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band IV. Bø kommune 1986.