Kristian Kielland (1899–1984)

For fotografen med omtrent samme navn, se Kristian Kjelland.

Kristian Kielland (f. 1899 i Trondhjem, d. 1984 s.s.) var ein arkitekt og konservator som blant anna er kjent for arbeidet sitt med tradisjonsbåtar, inkludert oppmåling og fotografering. Han vart fødd tysdagen den 11. april i Trondhjem av foreldra Margit Løchen og arkitekt Gabriel Kielland. Broren var komponist og dirigent Olav Kielland. Han vaks opp i fødebyen og vart immatrikulert ved NTH i 1918. Han fullførte arkitektutdanninga der i 1927 og begynte da å arbeide som assistent ved Nordenfjeldske Kunstforening. Same året gifta han seg med Magda Haugen (1900–1990). I 1929 tok han eksamen i kunsthistorie ved Göteborgs Högskola, og frå 1930 var han konservator ved Nordenfjeldske Kunstforening. I 1940 vart han direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum (no Norsk Maritimt Museum. Kristian Kielland døydde 85 år gammal laurdagen den 18. august 1984 i Trondheim.

Verk

Kjelder

Fotogalleri