Krokelva fangeleir
Krokelva fangeleir var ein tysk fangeleir omlag 300 meter nordom den seinare Semska stasjon på Semska i Saltdal kommune under andre verdskrigen. Leiren vart etablert i 1942 og oppløyst ved den tyske kapitulasjonen i mai 1945. Krigsfangane var sett til tvangsarbeid på Blodvegen. Ved kapitulasjonen var det 790 fangar der. 364 fangar omkom i løpet av åra leiren var i drift. Dei attlevande fangane sette opp eit minnesmerke i 1945. Dette minnesmerket vart sprengt av dei norske myndigheitene i samband med Operasjon asfalt i 1950, og dei einaste spora etter leiren i dag er overgrodde levningar i landskapet.
Kjelder og lenkjer
- Bilde frå Krokelva fangeleir frå Forsvarets Museer via Digitaltmuseum.no
- «Fangeleirene i Saltdal» - elevarbeid av Helene og Mali ved Fauske vgs skuleåret 2008/09