Kulturvern

Kulturvern er ei samlenemning for arbeid med å velje ut, registrere, sikre og tilgjengeleggjere dei delane av kulturarven som til kvar tid er vurdert som bevaringsverdige. Dersom ein reknar med både dei materielle og immaterielle delane av kulturarven, blir kulturvern synonymt med kulturminnevern.

Kulturvernarbeidet er på mange område lovregulert, og det er ei rekkje offentlege instansar som er sette til å forvalte dei ulike sektorane og til å fremje forskings- og utviklingsarbeid. Dels etter type verksemd, dels etter kvar dei er plasserte innan den offentlege forvaltninga, kan kulturvernet delast i følgjande sektorar:

  • arkiv
  • bibliotek
  • museum
  • kulturminneforvaltning (materielle kulturminne)
  • fotobevaring,
  • minne og tradisjon,
  • språkleg kulturvern (namn, nemningar, målføre),
  • tradisjonsmusikk -song og dans og
  • handlingsboren kunnskap (handverk og husflid - ferdigheiter)

Det finst ei lang rad private institusjonar og organisasjonar som arbeider med kulturvern, og desse utgjer ein betydeleg del av den frivillige sektoren her til lands. Til dømes har Landslaget for lokalhistorie, som definerer seg sjølv som ein organisasjon for lokalhistorie og kulturvern, over 80 000 medlemmer (2010).

Mange av dei frivillige organisasjonane er tilslutta samskipnaden Norges kulturvernforbund.