Kvernes stavkyrkje
Kvernes stavkyrkje på Kvernes i Averøy kommune på Nordmøre er ei stavkyrkje av møretypen med mellomstavar i ytterveggene og tverrgåande bjelkar. Karakteristisk for denna kyrkja og Rødven stavkyrkje er dei utvendige skordene.
Ein trur at kyrkja kan ha vorte bygd sist på 1300-talet, men ny forskning kan syne at den er så ung som frå 1633. eller den vart i alle høve omfattande ombygd blant anna med lafta kor i 1633. I 1776 vart kyrkja ombygd att, og i 1810 vart det påsett ein takryttar.
Kyrkja var i 1814 valkyrkje for prestegjeldet.
Stavkyrkja står rett ved sidan av Kvernes kyrkje, som vart reist i 1893. Medan Kornstad stavkyrkje på Averøya vart rive i 1871 då Kornstad kyrkje vart reist, valde ein på Kvernes å ta vare på stavkyrkja.
Galleri
Lenkjer
- Kvernes stavkyrkje i Stavkirke.org
- Kvernes stavkyrkje i Fortidsminneforeningen
- Eit lite holavslørte ein stor hemmeligheit, NRK Møre og Romsdal, 11. desember 2019
- Kvernes stavkyrkje på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no
- Kvernes stavkirke likevel ikke middelalderkirke - Den Norske Kyrkja