Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Kystmuseet i Sogn og Fjordane er ei avdeling av stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.

Museet har hovudbase i Florø med tre moderne museumsbygg i eit 74 mål stort friområde. Museet ligg i eit variert kystområde bunde saman med spaservegar og bruer. Langs vegen gjennom området blir det bygd eit frilandsmuseum med tilflytta hus - både gardstun, tettstad og fiskevær. Her ligg mellom anna Bataldebua - ei saltebu frå 1800-talet.

Kystmuseet ligg i og har samla inn lokalt materiale frå eit gamalt kulturlandskap: den atlantiske lyngheia som stekkjer seg frå Lofoten og nedover på begge sider av Nordsjøen og langs Biscaya til Portugal. I dette landskapet voks det fram ei livsform som mange framleis kan kjenne seg att i på heile den lange strekninga der lyngheia framleis blømer.

Hovudhusa inneheld administrasjon, eit godt fagbibliotek, arkiv og ikkje minst fagfolk som står til teneste for publikum. Utstillingane viser m.a. lokale båttypar, fiskeri, fraktefart, interiør i ein fiskarheim på byrjinga av 1900-talet, lokal fauna og ei av dei største permanente oljeutstillingane i landet.

Kilder


  Kystmuseet i Sogn og Fjordane er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.