Løvskeidåsen (veg i Bø i Telemark)

Løvskeidåsen i i Midt-Telemark kommune går i boge vestover frå Nordbøvegen ved Løvskeid til same veg lenger vest. Han er 410 meter lang.

Parti frå Løvskeidåsen.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen blei namnsett i 1996 og har namn etter plassen Løvskeid og ligg lengst nord på Nordbøåsen. Namnet Løvskeidåsen er ein nykonstruksjon – sett saman av Løvskeid og (Nordbø)åsen. Det uttalast «Løff'sjei-åsen». Busetnaden består av ni rekkjehus og åtte einebustader.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.40873° N 9.02943° Ø