Lars Tøgerson Snøtun
Lars Tøgerson Snøtun (Kronen) (døypt 21. august 1735, gravlagd 8. juni 1795) var frå garden Snøtun i Jostedalen i Sogn og Fjordane.
Han var son av gardbrukar og lensmann Tøger Ottoson Snøtun. Han gifte seg kring 1762 med Kari Rasmusdotter frå Kruna, dotter av Rasmus Jensson Kruna. Lars og Kari vart på same tida brukarar på Nedre Myklemyr. 11. juni 1791 fekk så Lars til ei makeskifteløysing slik at han overtok 2/3 av Kruna, og dei flytte då dit og dreiv garden til 1794.
Lars vart lensmann i Jostedalen i 1768 etter bror sin Otto Tøgerson Snøtun og hadde embetet til han døydde i 1795.
Lars og Kari fekk sju born i lag, mellom anna:
- Gunnhild Larsdotter (1762-1837), gardbrukarkone på Sviggum i Hafslo
- Torborg Larsdotter (1767-1834), gift med lensmannsdreng og gardbrukar Hans Olson Nedrelid
- Kari Larsdotter (1772-1812, gardbrukarkone på Talla i Luster
- Tøger Larsson Kruna (1774-1854), gardbrukar på Kruna, far til gardbrukar og ordførar Lars Tøgerson Kronen
- Rasmus Larsson Fåberg (1777-1825), gardbrukar på Nedre Fåberg, far til gardbrukar og ordførar Lars Rasmusson Faaberg
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 821. (Digital utgåve, NBdigital)
Forgjengar: Otto Tøgerson Snøtun |
Lensmenn i Jostedalen |
Etterfølgjar: Hans Arneson Urdahl |