Leirdal (Gaupne)

Leirdal (Leirdalen) (Luster, gnr. 91) er ei grend og ein matrikkelgard i Gaupne sokn i Luster kommune, og ein sidedal til Jostedalen. Leirdal grensar mot garden Leirmo i hovuddalføret.

Leirdal
Stad: Gaupne
Sokn: Gaupne
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 91

Leirdal skal vere ein av dei nyare gardane i Gaupne sokn og vart rydda kring 1605.

Leirdalen går over i Tunsbergdalen med Tunsbergdalsvatnet og den lange Tunsbergdalsbreen. Vassdraget vart regulert i Leirdølautbygginga 1974-78. Tunsbergdalsvatnet er reguleringsmagasin for kraftutbygginga. Leirdøla kraftverk ligg i Jostedalen ca fem km nord for Gaupne.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1991). Gaupne sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 4). Gaupne: Luster kommune, s. 911ff.
  • Øvregard, Kåre. (2004). Leirdalen. Ei perle i Luster. Jordbruksbygda, storflaumane frå Brimkjelen, vasskraftutbygginga. Gaupne.
  • «Leirdal», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  • «Leirdalsboki», Um Leirdalen upp gjennom tidene