Lesja sjukepleielag
Lesja sjukepleielag vart stifta i 1911 under namnet «Lesja frivillige syke- og fattigpleie», som lag for Lesja hovudsokn i Lesja kommune. Laget tilsette same år Anne Løftingsmo som sjukepleiar i bygda.
Seinare engasjerte laget seg i innkjøp og drift av sjukebil med meire.
Laget har på det meste hatt desse lokallaga i bygda:
- Kjøremgrende
- Bø
- Bølia
- Søre Kyrkjebygde
- Nørdre Kyrkjebygde
- Søre Lyftingsmo
- Nørdre Lyftingsmo
- Nordmo
Kjelder
- Utdrag av styreprotokollen for Lesja frivillige syke- og fattigpleie 1911, i Årsskrift for Lesja historielag 1997 side 112-115.
- Dagningen 1. april 1965
- Vigga 27. januar 2022
|