Lifjell (Telemark)
Lifjell er eit fjellområde i Telemark. Det er delt mellom kommunane Bø, Hjartdal, Notodden og Seljord. Mange forbinder Lifjell særleg med Bø, der ein finn Lifjell skisenter.
Platået dekker kring 55 000 dekar. Det høgste punktet er Røysdalsnuten, med topp på 1291 moh.
Tidlegare var det ein del stølsdrift på Lifjell, men med unntak av Gavlesjåstulen er den no borte.