Lily Weiser-Aall

Elisabeth (Lily) Weiser-Aall (fødd 18. desember 1898 i Wien, daud 26. februar 1987 i Oslo) var ein austerrisk-norsk folklorist og etnolog. Ho vert ofte skildra som ein av dei framste etnologane i si tid, og var ei føregangskvinne for forsking på dei etnologiske og folkloristiske felta.

Lily Weiser-Aall.
Foto: Ukjent/Norsk Folkemuseum.

Slekt og familie

Lily Weiser-Aall var dotter av Dr. Hans Weiser (advokat i Wien, fødd i Radkersburg) og Luise Weiser (fødd Hess, i Heidelberg). I 1928 gifta ho seg med den norske professoren Anathon Aall (1867–1943). Ho er gravlagd i familiegrav for familien Aall ved Vestre gravlund i Oslo.

Skule og utdanning

 
Lily Weiser-Aall er gravlagd i familiegrav for familien Aall ved Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2021)

Lily tok dei fyrste tre åra av folkeskulen heime og det 4. året ved privatskula Brabbé i Wien. I 1909 tok ho til studia ved gymnaset Foreldreforeiningas privatmiddelskule i Wien, men heldt fram ved Mädchenobergymnasium des Vereines für erweiterte Frauenbildung frå 3. klasse av. Den 7. juli 1917 avla ho eksamen arium med utmerkelse.

I oktober 1917 byrja Lily ved det filosofiske fakultetet ved universitetet i Wien, der ho studerte både tysk litteraturhistorie og filosofi. Etterkvart tok ho også til å studere både norrønt og kunnskap om den germanske oldtiden. Medan Lily gjekk i skulen lærte ho seg fransk språk, men på universitet lærte ho seg også engelsk, og etter eit opphold i Sverige sommaren 1920, også svensk. Til same tid byrja ho å studere folkloristikk/etnologi og mytologi. Då skreiv ho dissertasjonen sin om historia til juleskikkene.

Folkeminnesamlar

I løpet av dei 22 åra Lily Weiser-Aall arbeida ved Norsk etnologisk gransking rakk ho å signere 56 utsende spørjelister som til saman genererte 10 776 registrerte individuelle svar om ulike aspekt ved kvardagslivet i hele Norge.[1] Weiser-Aall vert ofte namngjeve som personen som la grunnlaget for den kunnskapsbanken NEG er i dag.

Bibliografi

Referanser

  1. Moestue, A og Rosander, G. Spørrelister 1946-1995, Norsk Etnologisk Gransking (1996). ISBN: 82-91161-11-9

Litteratur og kjelder