Lindis Salong og Solstudio

Lindis Salong og Solstudio var ein frisør- og velværesalong i Sykkylven. Firmaet vart skipa i 1971 av Lindis Haram Hatlemark (g. Utgård) og heldt til i forretningsbygget til Margrethe Utgård på Aure. Lindis Hatlemark hadde då svennebrev i skjønnhetspleie og i frisørfaget, etter fire års læretid. Salongen kunne heile tida tilby permanent, hårfarging, klipping, sminking og brudepynting. I 1982 vart salongen utvida med eit solstudio, og i 1983 vart firmanamnet difor forandra til Lindis Salong og Solstudio.

Lindis Hatlemark Utgård dreiv i frisørfaget i mange år, men lengst fartstid har ho likevel som dagleg leiar for Sykkylven kulturhus. I over tjue år, fram til kommunen tok over huset i 2012, stod ho for den daglege drifta av bygda si storstove.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.