Lofothest
Lofothesten var ein hesterase som høyrde til i Salten, Lofoten, Vesterålen og naboområda. Lofothestane med si høgd på kring 1,20–1,30 m var mindre enn lyngshestane, og dei skilte seg òg ut med det opptil 0,5 meter lange ragget. Dei var kjent som svært hardføre hestar. Lofothestane var enno vanlige kring midten av 1800-talet. Den visstnok siste lofothesten, som var på Yttergården under Evjo ved Saltstraumen, vart skoten i 1899. Den hesten vart utstoppa og står utstilt på Bergen Museum.
Kjelder og litteratur
- Frantzen, Eilif: «Norges eneste utegangerhest - Lofothesten», i Lofotposten, publ. 12.05.1984 (avskrift ved Odd Nicolaysen)
- Jacobsen, Billy: «Lofothesten», på Nordland fylkesleksikon.
- Nordstrand, Ane: «Lofothesten», på Bøstad.no, publ. 27.11.2005