Møre og Romsdal Kraftselskap

A/S Møre og Romsdal Kraftselskap vart skipa 4. juni 1973 etter endeleg vedtak i fylkestinget for Møre og Romsdal i desember 1972. Saka hadde da vore utsett fire gonger. Aksjekapitalen vart delt mellom dei lokale kraftselskapa i fylket: Tafjord Kraftselskap med 16 %, L/L Tussa kraft med 12 %, A/S Istad Kraftselskap med 10 %, Nordmøre Interkommunale Kraftlag med 7 %, A/S Svorka Kraftselskap med 5 %, Rauma kommunale Kraftverk med 2 %, Sunndal Kraftforsyning med 2 % og fylkeskommunen med 46 %.

Formålet var å bygge ut vasskraft frå nedslagsområdet til dei to elvane Ulvåa og Rauma i Rauma kommune. I tillegg skulle elvene Grøna og Asbjørnsåa på sørsida av dalen på Lesjaskogen førast i tunnel til eit hovudmagasin i Hånådalsvatnet. Selskapet skulle førebu ein søknad om konsesjon for utbygging og stå for gjennomføringa.

Kjelder