Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim (født 17. september 1951 i Skjåk) er forfattar og journalist.

Magnhild Bruheim vaks opp i Skjåk, men har budd om lag tjue år i Oslo, og på Lillehammer sidan 1995. Ho er utdanna cand.philol. med hovudfag i nordisk ved Universitetet i Oslo og har tilleggsutdanning som journalist.

Magnhild er niesa til diktaren Jan-Magnus Bruheim, og framhevar han som ein inspirator for skrivinga si. Også andre forfattarar frå Lom og Skjåk, som Olav Aukrust, Tor Jonsson og Tore Ørjasæter, har oppteke henne. Særleg viktige var desse i ungdomsåra då ho flytta til Lillehammer og tok examen artium. I diktinga deira har ho funne att mykje av det oppveksten lærte henne om bygda og bygdesamfunnet, seier ho sjølv.

I 17-års alderen tok Bruheim til å skrive dikt. Då las ho mykje lyrikk, både som inspirasjon til eiga skriving og som kjelde til livserfaring og livsvisdom, og i gymnasåra på Lillehammer var ho med og laga antologien Dikt 71, med bidrag frå elevane ved skulen. Ho hadde interesse for å skrive dikt, las dikt på fleire offentlege tilstellingar og hadde dikt på trykk i Gudbrandsdølen.

I 1997 debuterte ho med kriminalromanen Varselet. Det er eit særmerke for kriminalromanane til Bruheim at handlinga ikkje er lagt til bymiljø, men til bygdesamfunn omlag slik det var i hennar oppvekst.I barne-og ungdomsåra fekk ho høyre mange spennande historier av forteljarar i nærmiljøet, både sanne og oppdikta. Særleg historier knytte til døden og naturen gjord djupt inntrykk på ho.

Magnhild Bruheim har vore målpolitisk engasjert. Ho var i 1978-79 leiar i Norsk Målungdom, og i hovudoppgåva si i nordisk analyserte ho mållova av 1930.

Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilandsjournalist, og er kjend som NRK-røysta frå "Sånn er livet", "Dagsnytt" og ulike kulturprogram.

Bibliografi

  • Varselet. Kriminalroman. Samlaget, 1997
  • Maskerade. Kriminalroman. Samlaget, 1999
  • Utan englevakt. Kriminalroman. Samlaget, 2000
  • Lykkeland : minne frå slagerbøkene. Dokumentar. Saman med Sissel Bjørgan. Samlaget, 2000
  • Svart arv.Kriminalroman. Samlaget, 2001. Senere dramatisert av forfattaren for Radioteatret 2008
  • Dragsug. Kriminalroman. Samlaget, 2002
  • Ny melding . Kriminalroman/ungdomsroman. Samlaget, 2003
  • Matminne frå Gudbrandsdalen. Dokumentar. Saman med Hilde Grytting og Aasmund Hanslien. Samlaget, 2004
  • Trolldomskraft. Historisk roman/ungdomsroman. Samlaget, 2005
  • Venneringen. Kriminalroman/ungdomsroman. Samlaget, 2007
  • Nattskrik. Kriminalroman. Samlaget, 2008
  • På flukt. Kriminalroman/ungdomsroman. Samlaget, 2010
  • Det som ein gong var. Roman. Samlaget, 2010
  • Blod på hendene. Roman. Samlaget, 2011
  • Det som er sant. Roman. Samlaget, 2013
  • Motorsykkelmysteriet. Barnebok. Samlaget, 2014
  • Hyttemysteriet. Barnebok. Samlaget, 2015
  • Bjørnemysteriet. Barnebok. Samlaget, 2016

Kilder

Se også