Marita Frisørsalong

Marita Frisørsalong var ein frisørsalong i Aure i Sykkylven. Marit Midtlid hadde fleire års praksis og utdanning frå yrkesskulen då ho tok svennebrev i frisørfaget i 1973. Salongen hadde lokale i Vad-huset i Aure sentrum og kunne tilby permanent, klipp og hårfarging m.m., dessutan brudepynting.

Firmaet hadde i 1983 to tilsette.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.