Molde
Molde er ein by og administrasjonssenter i Molde kommune i Møre og Romsdal. Staden fekk privileger som kjøpstad i 1742. Det var drygt 20 000 innbyggjarar i Molde i 2013.
Mot slutten av 1800-talet fekk Molde kallenamnet «Rosenes by» på grunn av frodige hagar og parkar. Byen vart tidleg ein turiststad, og fekk besøk mellom anna av keisar Wilhelm II av Tyskland i åra før fyrste verdskrigen.
I 1916 vart Molde ramma av ein bybrann, som øydela den austlege delen av byen. Husa i området vart gjenreist i mur. I 1940 vart skadane større då byen vart bomba av tyskarane. Store deler av byen vart øydelagt i bombeåtaket og i storbrannen som braut ut. Sentrum har difor mest bygningar frå etterkrigstida, men ein kan finne eldre hus langs strendene og i lia ovafor byen.
Molde domkyrkje er sete for Møre bispedøme. Andre kjende bygninger er Molde Rådhus, Seilet hotell og kulturhuset Bjørnsonhuset.
Romsdalsmuseet ligg i Molde, med underavdelinga Fiskerimuseet på Hjertøya. Ein finn også Moldegård, eit område med fleire patrisierhus.
Galleri
Kjelder
- Statistisk sentralbyrå: Tabell 1. Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1. januar 2012
- Molde i Store norske leksikon