Molvær var ein storgard like vest for det som no er tettstaden Langevåg i Sula kommune. På 1700-talet var garden hovudsete for familiane Liljenskiold og Solgaard, som var amtmenn på Sunnmøre.
Amtmannsgarden Molvær brann ned på 1800-talet. Funn frå branntomta vitnar om det som må ha vore ein herregard. På garden var det forutan hovudhus òg skulehus, kjøkkenhus, og tingstove (skrivarstove). To danske kongar skal ha besøkt garden. Sissel Kaas (Sidsel Kaas), enkja etter Liljenskjold, var av dansk høgadel og var blant dei som budde lengst på Molvær.