Morgedal folkeboksamling

Morgedal folkeboksamling (Kviteseid folkebibliotek, Morgedal avdeling) vart etablert på 1930-talet, men har nok starta som lesering. Biblioteket i Sundbygdi, Kviteseid folkeboksamling, sende ut bokkasser til leseringar fleire stader i sognet. Kassene blei sende til utlånsstasjonar. Etter kvart fekk dei eigne boksamlingar. I Morgedal fekk boksamlinga tilhald på Dølehalli og var etter kvart å rekne som filial til Kviteseid folkebibliotek.

«I 1908 vart boksamlingi dela mellom tri sogn, so kvar fekk sin. Seinare kom Fjågesund med krav om eigen avdeling. Denne vart dela mellom tri skulekrinsar, og somna snart burt. Brunkeberg hev eigen samling, då serleg i Morgedal, har dei arbeidt mykje med den, so den er god.» Dette vart skrive i 1955 då Kviteseid folkebibliotek feira 60 års jubileum.

Protokollen for Morgedal folkeboksamling 1930-31 dokumenterar at det var 285 bøker i samlinga. Det var registrer 1056 utlån til 34 låntakarar. I 1935 fekk boksamlinga eit statstilskot på kr. 145 og eit tilskot på kr.50 frå Pengelotteriet. Boksamlinga sende bokkasser både til Brunkeberg og Ordal. På slutten av 30-talet arrangerte boksamlinga også bygdefestar. Desse festane vart lagt til fyrste sundag etter 17.mai, og var populære tiltak

Det fyrste styret som er dokumentert var: Johans G.Sollid, formann, Ragnvald Kleiv og Aslak Brekke, som og var bibliotekar og skrivar.

Den første bibliotekaren blei tilsett 12. sept. 1972. Stillinga blei lyst ut saman med tilsvarande stilling ved Kviteseid Folkeboksamling, og i samsvar med vedtak i sak 4, møte i bibliotekstyret 1.august d.å. Deltidsbibliotekar ved avdelinga i Morgedal blei Bjørg Gåsdalen, Morgedal.

Bibliotekstyret i Kviteseid hadde møte i Morgedal 14.mai 1973 der m.a. lokalar og innreiding, budsjetter og statstilskot vart drøfta. Fordeling av pengar til bokkjøp dette året blei 30 % til Morgedal og 70% til Kviteseid. Frå budsjettkommentarane kan ein lese: «…etter biblioteklova er kr.10 i tilskot per ibuar å sjå på som eit minimunstilskot. Slik budsjettet no er oppsett, vert det berre kr. 4330 på båe boksamlingane til bøker og medier».

Etter framlegg frå fylkesbiblioteket blei namnet endra i 1973 til Kviteseid folkebibliotek, Morgedal avdeling. Avdelinga blei nedlagt, men fekk behalde det meste av bokstamma, slik at det skulle vere mogeleg å halde fram med utlån av bøker slik som eldsjelane i bygdi hadde ynskje om. På 1990 talet blei Dølehalli riven, og boksamlinga blei etter kvart flytta til det nye grendehuset. Boksamlinga er framleis der per 2010. I ettertid har Vest-Telemark museum - Skieventyret - fått bøker om Arktis og ekspedisjonar i polområda, skisport og div. om handverk- og handverksteknikkar. Dei øvrige bøkene vil bli seld i løpet av 2017, og lokala tatt i bruk til andre formål.

Referanser


Litteratur

  • Håndskrevet protokoll fra styret for Kviteseid Folkeboksamling, 1895.

Eksterne lenker