Morgedalvegen (Kviteseid)

Morgedalvegen i Morgedal i Kviteseid kommune går nordover frå Brunkebergvegen (E134) ved grendehuset, passerer skimuseet «Norsk Skieventyr» og går i ei boge vestover og ut att på Morgedalsvegen ved tjønna Moskeid. Han er 4,4 kilometer lang og var fram til 1984 ein parsell av E76, som var nemninga då. Etter at den nye 3,3 kilometer lange parsellen av europavegen på vestsida av Morgedalstjønni opna, vart den gamle vegen kommunal.

Morgedalvegen med «Norsk Skieventyr».
Foto: Roy Olsen (2021).
Morgedalvegen sett vestover ved Morgedal camping.
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter bygda.


Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Statens vegvesen: veikart.
  • Statens vegvesen: Telemark-svingen nr. 4, 1984 (PDF)


Koordinater: 59.46690° N 8.43215° Ø