Mosasida (veg i Seljord)

Mosasida i Seljord kommune går austover frå Bygdaråvegen (E134), langs Seljordsvatnets sørside til Tveit under Blånuten, der endrar vegen namn til Garvikstrondi. Han er om lag 3 770 meter lang og er ein del av fylkesveg 3328.

Mosasida sett austover ved Sandsdalen.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen har namn etter liggjestaden, baksølt, i skuggen av dei høge fjella opp mot Seljordsheii. Vegnamnet uttalast Måsasi'a.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.47777° N 8.63033° Ø