Muärrkejávvre
Muärrkejávvre (pitesamisk) eller Muorkkejávrre (lulesamisk), kalla Eidevatnet på norsk, er eit vatn rett søraust for Låmejávvre (Låmivatnet) i Fauske kommune i Salten. På kart er namnet ofte skrive som nordsamisk Muotkejávri. Namnet kjem av pitesamisk muäŧŧkē/muärrkē (‘eid, drageid’) , og jávvrē (‘vatn, innsjø’). Namnet kjem trulig av at det er eit langt og smalt eid som skil Muärrkejávvre frå nabovatnet Låmejávvre i nordvest. Langs sørvestbredda av Muärrkejávvre ligg fjellet Vássjávárre, med toppen Vássjátjåhkkå i vest. Langs nordaustbredda ligg fjellet Lájjrovárre, med toppen Lájjro (1135 moh.) rett over grensa til Arjeplogs kommun i Sverige i aust. Ved den sørlegaste vika av vatnet ligg den ubetente turisthytta Muorkihytta (el. Muotkehytta), og rett austom der att er det eit smalt eid mellom Muorrkejávvre og den litle tjørna Luoppal som ligg på riksgrensa. Forbi Muorkihytta og Luoppal går det merkt stig ned imot Pieskehaure og langsmed vatnet austover, så vel som sørover til Mávas.
Muärrkejávvre | |
---|---|
Basisopplysninger | |
Areal: | 5,94 |
Høyde: | 712 |
Skrivemåtar
Samisk
- Muor’kē-jaw’rē (Qvigstad, J.: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo : Instituttet for sammenlignende kulturforskning; Aschehoug, 1938.)
- Muotkijávri (Statens Kartverk (reg. som historisk namn 1987))
- Muorkkejávrre (Statens Kartverk (1987))
Norsk
- Eidevatnet (Statens Kartverk, godkjent 1980)
Sjå òg
Lenkjer
- Vêrvarsel for Muorkkejávrre på Yr.no
- Faktaark fra Kartverket finnes.