Nes mållag
Nes mållag i Midt-Telemark kommune blei stifta på Gvarv 4. oktober 1908 av blant andre Ketil Skogen, tidlegare stortingsrepresentant for Venstre. Laget eig Kjernehuset i Gvarv sentrum som er pussa opp og som starta opp att med serveringsverksemd og konsertar våren 2013. I 2021 er det Frivilligsentralen i Sauherad som held til i bygget.
Nes Mållag arkiv | |
---|---|
Arkivinstitusjon: | Evju Bygdetun |
Arkiv-id: | EBK-P-104 |
Frå år: | 1897 |
Til år: | 1972 |
Fylke: | Vestfold og Telemark |
Kommune: | Midt-Telemark |
Stad: | Evju Bygdetun |
Omfang: | 0,15 |
Innhald: | Møtebøker, korrespondanse, springlister, rekneskap |
Digitalt innhald: | Arkivkatalogen |
Kjelder og litteratur
- Ulvenes, Halvor: Nes Mållag er i 100. I: Varden 2008.09.27. Digital versjon på Nettbiblioteket.