Njøs skule

Njøs skule ligg på Njøs, Hermansverk og tilhøyrer Njøs krins i Leikanger kommune

Gamleskulen på Njøs
Foto: Randi Melvær/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Skulehuset

I 1861 kjøpte kommunestyret i Leikanger eit hus på Njøs av Niels Jørgensen, Anfind Anfindsen og Tomas Johannessen. Kommunen trengde ei skulestove på grunn av den nye nasjonale forordninga som sa at det skulle byggjast skulestover i landet og i skulekrinsane. Dei var godt i gang med planlegginga av nybygging når dei tre mennene frå Njøs kontakta kommunestyret og ga dei tilbod om å kjøpa huset. Jamfør lova om "Almueskolevæsenet paa Landet" som blei trykt opp i Stockholm i 1860 var det lagt detaljerte føringer på korleis skulene skulle sjå ut, og kva for ulike mål skulestovene skulle ha, og til dømes kor store vindauge og dørar huset skulle ha. Dermed kravde Leikanger kommune at huset måtte endrast på så det oppfylde dei byggjetekniske krava, og det godtok dei. Av endringer som blei gjort før huset stod ferdig som skulestove var til dømes endringar på loft, dørar, peis, vindauge, isolering og tak. Etter denne justeringa skulle huset samsvare med krava som blei stilt til skulestovene på den tida.

Utover mot 1870-talet kom det stadige pålegg om at huset måtte få riktig bordkleding og at det måtte målast (raudfarge rundt vindauga utvending, og kvitfarge inne på vindauga og dørane. Utvendig brukte dei tjære). Lokale snekkarar blei engasjert til å lage inventar, og Ferdinand O. Kammen lagde pultar, m. m. som stod ferdig i 1864.

Andre bruksområde

Johannes L. Njøs kjøpte skulen i 1901/1902 når krinsen var nedlagt for 620 kroner, og sida den gang har det vore i privat eige.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.18487° N 6.86205° Ø