Noregs Mållag

Noregs Mållag vart skipa i 1906 som ein samlande organisasjon for dialektane og nynorsk skriftspråk. Laget er ein paraplyorganisasjon, med både geografiske og faglige særlag. Totalt er det om lag 10 000 medlemmar fordelt på 200 lokallag og 18 fylkeslag. Norsk Målungdom er Mållagets ungdomsorganisasjon. Hovudkontoret ligg på Lilletorget i Oslo.

Laget gjev ut medlemsbladet Norsk Tidend, og i seinare år også nettbladet Magasinett. Mållaget deler årleg ut tre prisar: Nynorsk litteraturpris, Nynorsk barnelitteraturpris og Nynorsk næringslivspris. Dei deler også ut, med ujamne mellomrom, Målprisen og Målblome.

Dei største faglege særlaga er Noregs Lærarmållag, Noregs Forretningsmållag, Medisinsk Mållag, Juristmållaget, Teologisk Mållag og Mediemållaget.

Kjelder