Olav Skjellevik
Olav Skjellevik (fødd 1942 på Onarheim, Tysnes i Sunnhordland) er lokalhistorikar og aktiv innan sogelagsmiljøet i kommunen. Han har tidlegare arbeidd i skuleverket i Sandnes kommune, men er i dag pensjonist og bur for det meste på Tysnes. Som lokalhistorikar har Skjellevik skrive ei lang rekkje artiklar, og har sett i gong fleire konkrete prosjekt, m.a. arbeid med ei permanent historisk utstilling i Onarheim kyrkje. Han har også fordjupa seg i livshistoria og verket til diktaren Claus Pavels Riis. Sidan starten i 2002 har han vore biletredaktør i Sogeskrift for Tysnes, der han frå 2011 også har vore medredaktør. I 2011 fekk Olav Skjellevik tildelt årets kulturpris frå Tysnes kommune.