Oldedalen skule
Oldedalen skule var ein folkeskule i Oldedalen i Stryn kommune.
Det fyrste skolehuset i Oldedalen vart bygd i 1884. Huset stod mellom Mykløen og Høgalmen, og skulekrinsen vart kalla Kvamme krins. Kretsen ble kalt "Kvamme kreds". Tidlegare hadde det vore omgangsskule i området.
Oldedalen skule tok i bruk eit nybygg hausten 1951. Samtidig vart barn frå Yri og Gytri overførte til skulen i Oldedalen. I 1998-99 vart skulebygget utvida i regi av utviklingslaget og med stor dugnadsinnsats.
Oldedalen skule er no (når?) nedlagt.
Kjelder og litteratur
- Oldedalen : bygda mellom breane. Utg. Vigmostad & Bjørke. 2003. Digital versjon på Nettbiblioteket.