Ole Gabriel Ueland (1799–1870)
Ole Gabriel Ueland (fødd 28. oktober 1799 i Lund i Rogaland, død 9. januar 1870 i Heskestad) var gardbrukar, lærar, lensmann og politikar. Han var ordførar i Heskestad kommune 1837-1851 og 1856 til 1859. Frå 1833 til 1869 sat han på Stortinget, der han var leiar for den såkalla «Bondeopposisjonen».
Ueland var son av bonde Gabriel Osmundsen (1760–1843) og Ingeborg Osmundsdatter f. Skaaland (1764–1816). I 1825 gifta han seg med Marthe Guri Osmundsdatter Ueland (1805–1847). Som enkemann gifta han seg i 1850 opp att med Anne Svensdotter Hetland f. Ollestad (1818–1890), syskenbarnet til den fyrste kona.
I fleire byar finn ein Uelands gate, som alle heiter opp att etter Ole Gabriel Ueland.
Kjelder og litteratur
- Ole Gabriel Gabrielsen Ueland i Historisk befolkningsregister
- «Ole Gabriel Ueland» i Norsk biografisk leksikon
|