Opsalvegen (Hjartdal)

Opsalvegen i Nordbygda i Hjartdal kommune går nordover frå Hjartdalsvegen i Gvammen som fylkesveg 3418. Ved Hjartdal fjellstove opphøyrer fylkesvegen og Opsalvegen tar vestover der han endar i eit stort sandtak, medan hovudlaupet til vegen fortsett nordover som Breivassvegen opp på heia til Breivatn og endar på 694 moh. med ei høgdedifferanse på 522 meter. Han er 7 kilometer lang, derav er 635 meter privatveg.

Opsalvegen sett frå Hjartdalsvegen i Gvammen med garden Funner nedre (gnr. 48/1).
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter Opsal-gardane og vart namnsett i 2011.

Kilder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Hjartdal kommune: Vegoversikt pr 31 05 2011.pdf


Koordinater: 59.60276° N 8.70524° Ø