Parallellforskyvar
Ein parallellforskyvar, òg kalla navigasjonslinjal, er ein dobbel linjal som er hengsla saman side ved side. Ved å legge den lukka parallellforskyvaren langs den utstukne kursen og opne og lukke han vekselvis i retning nærmaste kompassrose, kan ein lesa av kursen i gradar.