Prestegardsvegen (Sauherad)

Prestegardsvegen på Sauar i Midt-Telemark kommune går nordvestover frå Sauheradvegen og ender ved garden Roligheta (gnr. 149/8). Han er ein snau kilometer lang.

Prestegardsvegen med prestegarden og Sauherad kyrkje.
Foto: Roy Olsen (2019).

Vegen har namn etter Prestegarden og blei namnsett i 2009. Før det het han Kirkevegen etter Sauherad kyrkje som ligg attmed vegen, namnet vedtatt i 1999.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune: Utvalg for næring, plan og teknikk, 23. februar 2009.
  • Arbeidsliste veg Bø-Sauherad: 377639_1_A.pdf


Koordinater: 59.42156° N 9.28411° Ø