Ragnhild Gjelstad

Ragnhild Gjelstad (fødd 18. januar 1930 i Kviteseid som Ragnhild Anne Tarjeisdotter Håtveit, død 10. juni 2020) var bunadstilverkar.

Bunadstilverkaren Ragnhild Gjelstad fotografert i Vest-Telemarkbunad som ho sjølv har sauma.
Foto: Tarjei Gjelstad

Foreldra Anne Olavsdotter Donstad og Tarjei Olavsson Håtveit hadde kjøpt garden av Hege Lid. Ragnhild vart gift med Harald Gjelstad (1918-1990) og saman fekk dei to barn, Anne og Tarjei.

Ragnhild byrja å arbeide etter at folkeskulen var ferdig. Brodering av bunad byrja ho med når ho var ca. 25 år, og nokre år seinare byrja ho òg å montere bunadar. Den fyrste bunaden ho laga var til dottera Anne. Montering lærte ho etter å ha vore på kurs og lært det av Sigrid Åsland Gjersund.

Etter den tid vart det ein 50-60 bunadar som ho brodera eller montera.  Ein anna viktig oppgåve var å rette opp eller stelle bunadar som var øydelagde eller for store eller for små. Dei fleste kom med ferdig påteikna stoff. Ragnhild montera òg bunadsskjorter og hadde nokre få oppdrag for Almankås elles så var dei fleste oppdraga private.

I tillegg til å arbeide med bunadar og stelle heime arbeide Ragnhild på kjøkkenet på Morgedal kro og Morgedal hotell.

Kjelder

  • Munnlege kjelder, Kviteseid 2017.

Eksterne lenker