Reiret
Reiret er nemninga på den hytta som Johs. Galstad og Hans Enstad i milorg i Vågå bygde for at distriktssjefen i milorg i Gudbrandsdalen, Wilhelm Molberg Nilssen kunne dra i dekning våren 1944.
Hytta vart sett opp i ei bergkløft i Uldalen ovanfor Hamn-gardane på Selsverket i Sel kommune. Nilssen og to karar til flytta inn i hytta 8. august 1944. Dei vart verande der til den tyske opprullinga i Vågå og på Otta frå 20. oktober.
På 1990-talet vart Reiret rekonstruert og er teke vare på som eit minnesmerke over heimestyrkane sin innsats under andre verdskrigen.
Kjelder
- Lunde, Jon Vegard 1982: «- Det var ei rar tid». Hjemmefronten i Gudbrandsdalen 1940-45. Otta, s. 206-09.
- Detaljert omtale på www.otta.com