Rjukan damekor

Rjukan damekor blei stifta i 26. oktober 1921 og innmeldt i Rjukan Arbeiderparti i januar 1923. Koret hadde til mål å heve arbeidarkvinnene sitt andelege nivå gjennom song, slik at dei fekk "et videre utsyn over tidenes kulturelle og sosiale bevegelser".[1] Ved midten av 1980-åra opphøyrde aktiviteten i koret.

Annonse for konsert med Rjukan damekor.
Foto: Rjukan Arbeiderblad, 5. oktober 1923, s. 3. Lenke til digital utgave på bokhylla.no.

Arkiv

Arkivet etter Rjukan damekor er ordna ved Norsk Industriarbeidermuseum. Sjå oppføringarkivportalen.

Fotnote

  1. Dahl, 1984, s. 95

Kjelder

  • Oppføring på arkivportalen.
  • Dahl, Helge, Rjukan. B. 2 : Fra 1920 til 1980, Rjukan, 1984