Rjukan samvirkelag

Rjukan samvirkelag blei etablert på Rjukan i 1913.

Historikk

Rjukan samvirkelag blei i stor grad etablert etter initiativ frå medlemar og organisasjonar i den lokale arbeiderrørsla. Samvirkelaget blei etablert i løpet av 1913 og opna sin fyrste butikk i januar 1914 i Folkets Hus i Arbeidergata. Laget var frå starten medlem av NKL.

I 1915 flytta samvirkelaget inn i meir egna lokale då laget overtok Sønstebys kolonialforretning. I 1916 fekk laget eit eige samvirkelag på Tveito. I 1920 overtok laget ei større bygningsmasse etter Tveiten og Co, og hadde innanfor sitt fyrste tiår etablert kolonialforretning, konfeksjonsbutikkar og slaktebutikk med pølsemakeri.

Laget hadde ei eller anna form for forretning på Rjukan fram til 2009. Då blei varehuset (Domus) og Prix solgt.

Arkiv

Arkivet etter Rjukan samvirkelag er ordna ved Norsk Industriarbeidermuseum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.