Rukaren (veg i Bø i Telemark)

Rukaren er ein blindveg i i Midt-Telemark kommune nær Hørte som går nordover frå Valenvegen og ender ved garden Triland (gnr. 1/22). Han er 880 meter lang.

Rukaren sett sørvestover ved Fosstveit.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen, har namn etter husmannsplassen Rukaren som låg i nærleiken ved Hørteåa og blei namnsett i 1996.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.42475° N 9.12507° Ø