Sætre notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)

Denne siden trenger opprydding. Det kan for eksempel dreie seg om innholdsmessig struktur, framstilling eller språk. Se evt. diskusjonssiden for merknader.

Sætre notlag: I Ulvestadbygda kjenner ein ikkje til at det har vore andre notlag enn det på Sætre og i Torvik

Det var nok fleire som hadde «fantenøter» som dei brukte til å kaste på småsei og kanskje makrell langs land og rundt Sæss-skjeret

Det var brukarane av Pergarden og Nilsgarden på Sætre som var noteigarane. Kva årstal nota var kosta er uklart, men truleg i åra etter 1930. Det var ei bomullsnot med ei lengde på rundt 100 m

I Pergarden fantest òg ei seinot

Notbåten var ein stor færing, kanskje den store fiskebåten som hadde vore brukt «utom land»

Her var også ein spelbåt

Nota var lagra i Nils-naustet, men det var tilrigga eit nothengje i fjøra framfor dette naustet. Tørking av nota kunne også gå føre seg på marka, framom nausta (volling av nota - mykje brukt før ein laga nothengje)

Etter at det vart slutt på fellesdrift med storenota på slutten av1950 talet, kosta Per A. Sætre seg ei makrellnot og gavlbåt. Han dreiv med kasting på makrell langs land rundt i Dalsfjorden

Notbåten kjøpte han med Dalebø notlag då dei avslutta drifta. Båten var tjørebredd og hadde rull bak. Han fekk si endelikt i nyttårsorkanen i 1992. Den stod ute, attved Pernaustet og vart herifrå hivd utover markane i Pergarden, og knust til pinneved. Nota som Per hadde var 60 m., og ei djupn på 6 famner

Kasteplassane som Sæsskarane brukte var oftast ved Skiftaberget, og frå Sæsselva og innover langs Reinene, men også i Sæssfjøra der det var fritt for «hengje»

Det vart vanlegvis kasta på makrell, pale og litt sild, men her ute i fjorden var det ikkje så godt med sild som lenger inne i fjordbotnen. Derimot kunne ein råka på at det kunne vere storsei som kom mot land

Sverre Kvangarsnes fortel om eit slikt «kast» i Minne frå Dalsfjord 2010: «Ein fin haustdag i nonstida i 1933 braut det opp ein stor fiskestim midtfjords. Det viste seg å vere storsei, som sanselaust jaga ein sildestim som heldt stø kurs mot Nesebugen. Karane på Sætre hadde nota liggande klar i notbåten ved Sæsslandet, og dei kom roande inn langs Floten mot Skiftaberget, der dei rekna med at seien ville nå land. Det gjekk som dei hadde tenkt seg, og nota vart sett i ei viss fart, men seien gjekk så fort at han rakk stikke seg under nota. Det vart difor eit durabeleg bomkast

Nota vart teken inn igjen og gjort klar til nytt kast. Seistimen roa seg litt og tok ein sving bort på fjorden att, men heldt seg stadig i overflata. Notlaget seig litt i senn utover langs land mot Sæsskaia

No svinga fiskestimen mot land igjen, og då han passerte den ubygde fjøra mellom Per-støa og Åse-støa, vart nota sett på nytt. Noko av stimen såg vi halde fram utetter mot Sæss-skjeret, men det var tydeleg at ein del var vel bevart i nota. Det vart ei roping og komandering over all måte no når nota skulle dragast mot land, og om litt var «geilane» komne opp i tanget. Då vart det med eit noko stillare mellom karane - for nota hadde sett seg fast i eit hengje på botnen

Lågmelt prat om kva som no måtte gjerast. Nokre meinte at ein skulle «tørke opp» nota og lette grunnen varsomt over steinen, sjølv om det då var ein viss fare i at noko av fisken kunne finne vegen ut. Eg og Per Sætre hadde lurt oss ombord i båten til Nils-Lars, der han la seg langs kavlen med sjøkikkert for å sjå etter henge på botnen. Han var i ei slik «ekse» at han knapt ensa oss gutfantane, så vi vart verande i båten til nota var komen iland. Det tok si tid å få nota laus, og noko av fisken fòr vel sin veg

Vi småkarane sat i båten og kika over ripa ned på dei blygrå seiryggane som i kvilelaust jag symde i ring inne i nota. Plassen her vart etter kvart mindre etter som nota nærma seg land, og no såg vi jamvel botnen godt. Snart piska fisken i nota sjøen til kvitt skum og karane leita fram klepp og kniv. Då var klokka over 10 om kvelden, og etter skikken skulle slike småkarar som eg og Per ha vore i seng for lang tid sidan. Så vidt eg hugsa skulle det vere over 300 storsei i nota»

Ei historie som eg (Hallstein Kvangarsnes) hugsa frå eg var 10-12 år gamal, var ein dag i kveldinga på ettersommaren

Sæsskarane kom roande med notbåten innover langs land mot Kvangarsneset, det var truleg makrell eller småsei dei var ute etter. På Lissjevika rett nedom husa på Inste-Neset fekk dei sjå noko som vaka - og nota gjekk straks i sjøen. Eg og yngste bror min la naturlegvis unna bakken, det fortaste vi vann - her «væra» vi sensasjon

Då nota kom fram i land, viste det seg at det var alt anna enn småsei og makrell som var inne. Nei - det var ei mengde sjøaure eller smålaks som var teken. Trur det kunne vere så mange som 40-50 stykker. Truleg var dette «ikkje heilt lovleg» fiske, men eg hugsa ikkje at noko vart sleppt ut igjen. Alt gjekk stilt og roleg for seg, og ingen nemnde noko meir om «storkastet»


Kjelder og informantar

Lokale informantar for Notbruk i Dalsfjord

  • Jakob Koppen
  • Olav H. Velsvik
  • Robert Welsvik
  • John Thorvik
  • Jon J. Kornberg
  • Sverre Kvangarsnes
  • Ivar A. Sætre
  • Andè Sætre
  • Solfrid Nautvik
  • Asbjørn Åsebø
  • Ola S. Løvik
  • Lauritz S. Løvik
  • Lars K. Løvik
  • Ola K. Hjelle
  • Arvid Rossetvik
  • Annfred Lillenes
  • Einar Furnes
  • Bjarne Myklebust
  • Olav Dalebø
  • Jarle Dalebø
  • Harald Mårstøl
  • Jostein Mårstøl
  • Norvald Mårstøl
  • Åsta Mårstøl
  • Arvid Eidså
  • Rolf Eidheim,
  • Arne Eidset
  • Harald Eidset
  • Jon M Steinsvik
  • Hans J. Steinsvik
  • Svein Øverberg
  • Bjarne Drivdal
  • Nils Jakob Drivdal


  • Internett


  Sætre notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda) er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.