Søndeled kyrkje
Søndeled kyrkje, tidlegare Indre Søndeled kyrkje, ligg i Søndeled sokn, på garden Søndeled i Risør kommune.
Det er ei steinkyrkje frå mellom 1150- og 1200-åra, som frå gamalt heitte Sundaleidis kirkja.
I 1814 var kyrkja valkyrkje for prestegjeldet.
Den andre kyrkja i Søndeled sokn er Frydendal kyrkje, tidlegare Ytre Søndeled kyrkje.
Pr 2022 er Albert Martin Valla sokneprest i Søndeled kyrkje.
Kjelder
- Søndeled. Utg. Søndeled historielag. 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Eksterne ressursar
- Søndeled kyrkje på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no
- Søndeled kirke og kirkegård. Utg. Søndeled og Risør historielag i samarbeid med Indre Søndeled menighetsråd. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket.
|