Samar på Innstranda i Bodø

Første gongen vi hører om samar på Innstranda i Bodø i offentlege kjelder er i 1722, da Åmund Sjurson blir skattlagt som husmann på Skarmoen i Soløymarka ved Innstranda. Vi veit ikkje akkurat kva tid Åmund kom dit, men ettersom borna var vaksne i 1722, blir det gjetta[1] at han og kona, Siri Jakobsdt., kan ha komme dit som nybrottsfolk så tidleg som i 1690-åra.

Under grenseeksaminasjonane i Salten i 1743 rapporterte major Peter Schnittler:[2]

De bøydelapper i Bodøe hovedsogn entremeleres med bønderne og bruge både gårder og fiskerie i havet, ligesom andre bønder. Endeel af dem bliver og gift med bønderfolk, hvilket andenstedz her sønden for ei brugeligt er.

Bagglia

Tussvatnet

Kolhus

Sandjorda

Mosti

Steinmoen

Skarmoen

Grønnåsen

Jensvoll (g.nr. 40) ligg eigentleg til Kirkegrenda, men er teke med her som tilgrensande område. Grønnåsen var eit samisk plassbruk under Jensvoll.

Morten Mortensson med familien sin budde her i alle fall frå kring 1700, kanskje ei stund før. Sonen Ola er nemnt 1740 i sakspapira om sokneprest Ole Meldahl sin skogshogst. Nybrottsbruket blei truleg nedlagt etter at Morten døydde i 1752; og Ola hadde då etablert seg på Steinmoen.[3]

Fotnotar

  1. Gudbrandson, Terje: Bodin bygdebok II:4 : Gårds- og slektshistorie for Innstranda. Bodø : Bodø kommune, bygdebokkomitéen, 1992.
  2. Dokumenter angaaende flytlapperne m.m. samlede af J. Qvigstad og K.B. Wiklund. Kristiania, 1909. Dokument I, s. 135 — sitert frå Qvigstad 1929.
  3. Mal:Bodin II, 3 s. 736, 770