Samholdvegen (Sauherad)
Samholdvegen på Sauar i Midt-Telemark kommune går søraustover frå Sauheradvegen til Kåsa brygge ved Sauar-elva. Vegen har to sidegreiner, ei til garden Gripenstad (gnr. 151/1) og ei til Haug (gnr. 152/1). Denne var tidlegare Haugvegen. Den opphavelege vegen er 1 691 meter lang.
Vegen har namn etter nr. 86, eigedomen Samhold som ligg attmed Kåsa brygge og blei namnsett i 1999.
I samband med kommunesamanslåinga av Bø og Sauherad blei det i 2018 vedtatt å legge Haugvegen i Sauherad til Samholdvegen.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Sauherad kommune: Veger navnsatt av kommunestyret, 2008.
- Fellesnemnda, div. sakspapirer, 2018.