Samtale:Olaus Larsen Faraasbrænden
Foreldra
Det er fortsatt ikke sikkert hvor mora Johanne Corneliusdatter kom fra. Men i artikkelen om Nøkleby skriver Olaf N. litt om garden der faren Lars vokste opp:
"Johan Larsen (1766 – ca 1853) kjøpte Nistugua av Ole Nilsen i 1799. Johan Larsen var frå Gåserud. I 1798 vart han gift med Marte Kristiansdotter frå Austre Mel-Kvem (1768 – 1830). Born: Lars (1798), Margrete (1800), Marte (1802 – 1885), Kristian (1807 – 1841), Martin (1809). Lars drog frå bygda. Da det var skifte etter Johan i 1853, var Lars alt død, men han hadde ein son som hadde vorti døypt i Aker kyrkje. Margrete var gift Oppegard. Ho reiste åt Amerika i 1852. Marte vart gift åt Oppigarden Nykleby.
Kristian Johansen (1807 – 1841), gift med Oline Hansdotter Sør-Narum (1805). Oline var syster åt Peder Hansen som vart gift med Marte, syster åt Kristian (sjå Oppigarden). Kristian fekk skjøte på garden i 1833. Oline vart oppattgift i 1842 med Johannes Pedersen Øverset (1821).
I 1838 reiste Johan Skindstad, som meinte han hadde odelsrett på Nistugua, odelssak mot Kristian Johansen. Dei vart forlikte om at Johan skulle trekke saka mot at Kristian betalte han 100 spesiedalar. Etter at Kristian var død, brukte Oline og den andre mannen hennar garden fram til systerdotter hans Kristian, Johanne Marie Oppigarden Nøkleby, tok att garden på odel i 1846. Oline og Johannes flytte til Øverset."