Sandane

Sandane er ein tettstad og administrasjonssenter i Gloppen kommune i Nordfjord, og ligg inst i Gloppefjorden. Det var i januar 2020 drygt 2446 innbyggjarar der.

Utsyn over Sandane i 1960.
Foto: Ukjend / Mittet & Co.

I sentrum finn ein fleire historiske bygningar, mellom anna Gloppen hotell og heradshuset med eit særprega klokketårn. Dei fleste bygingane er av nyare dato. Dei fleste bustadene finn ein på Åsen sør for sentrum og Leirbrekka nordvest for sentrum.

Rett utafor Sandane, på Jølet, ligg Nordfjord folkemuseum som har gamle hus og gjenstandar frå Nordfjord. Sandane lufthamn Anda ligg også rett ved tettstaden.

Kjelder

Koordinater: 61.77695° N 6.21643° Ø