Sel historielag
Sel historielag er eit historielag i Sel kommune i Gudbrandsdalen. Laget vart stifta 19. februar 1988 og «har til føremål å vekke interesse og skapa forståing for bygdehistoria i Sel. Det vil arbeide for å utbreie kjennskap til kulturarven vår og verne kulturminne av alle slag i bygda».
I 2019 hadde laget 51 medlemmer og 4 æresmedlemmer. Medlemstalet er synkande.
Leiarar
- 1987: Arne Jørgen Rønningen (interimsstyre)
- 1988-1990: Ola Tamburstuen
- 1991-1992: Arne Jørgen Rønningen
- 1993-1995: Odd Bakke
- 1996-2009: Ola Tamburstuen
- 2010: Arne Halvorsen
- 2011-2014: Kjell Voldheim
- 2015-2017 Bjørn Engehagen (fungerande)
- 2018-: Sjur Lonbakken
Andre sentrale personar
- Per Erling Bakke: har lagt ned eit stort arbeid med Otta sin historie og lagt dette tilgjengeleg på nett. Stor bidragsyter til historielaget sine bøker.
- Steinar Grønn, bildeinnsamling.
- Palmar Ruste, bildeinnsamling og systematisering av desse.
- Geir Neverdal, for arbeid med Kringenhistorie.
- Rolf Ulvolden, for arbeid og historie rundt Paul Botten-Hansen.
Aktivitetar
Hovudaktiviteten er å gje ut lokalhistoriske bøker. Av andre aktivitetar kan nemnast:
- Kringenjubileet 2012.
- Byvandringer.
- Restaurering av Marcellohytta på Thokampen.
- Jernbanejubileer i 1996 og 2012.
- Foto: laget skannar, systematiserer og tek vare på bilete (mellom anna Otta Foto sine negativ).
Publikasjonar
- Bakke, Kåre og Bjarne Fredriksen: Setrer og seterliv i Sel. Utg. Sel historielag. 2007. 368, 32 s. ISBN 978-82-994014-4-9.
- Bakke, Odd: Otta gjennom 100 år : 1896-1996. Utg. Sel historielag. 1996. 272 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Gåmålt og nytt frå Sel. Utg. Sel historielag, 1999-2010.
- Bind 1. Per Bakke: [ingen tittel]. 1999. 346 s. ISBN 82-994014-1-0. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bind 2. Gunvor Tofte: [ingen tittel]. 2002. 388 s. ISBN 82-994014-2-9. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bind 3. Kåre Halvdan Bakke: [ingen tittel]. 2005. 378 s. ISBN 82-994014-3-7. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bind 4. Bjarne Fredriksen ofl.: [ingen tittel]. 2010. 400 s. ISBN 978-82-994014-5-6. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder og litteratur
- Opplysninger frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).