Semska stasjon

Semska stasjon, tidligare Saltfjell stasjon, er ein tidligare jarnbanestasjon på strekninga mellom Dunderland stasjon og Røkland stasjonNordlandsbanen. Stasjonen ligg på Semska (pitesamisk Sæmmsá, ‘våtmark’) i Saltdal kommune i Salten. Denne stasjonen, så vel som Hjartåsen stasjon, Krokstrand stasjon, Bolna stasjon, Stødi stasjon og Lønsdal stasjon, blei opna onsdag den 10. desember 1947 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Dunderland til Lønsdal. Stasjonsbygninga er riven i dag, men dei tre vaktarboligane står enno og er i privat eige. Stasjonen grensar til Semska–Stødi naturreservat (på austsida av jarnbanesporet) og den tidligare Krokelva fangeleir (kring 300 meter nordafor stasjonen).

Vaktarboligane på Semska.
Foto: Olve Utne (2010)

Kjelder