Skiaker Handelsforening
Skiaker Handelsforening var eit samvirkelag i Skjåk kommune 1873-1890. Det tok til på Nigard Dagsgard i Skjåk hovudsokn. Seinare vart verksemda flytta til Gløverstad ein kilometer lenger aust. I folketeljinga 1875 losjerer Guttorm Olsen, handelsbetjent ved foreininga, på Sygard Ånstad rett ved Gløverstad. Dette var Guttorm Hørven, som i 1890 kjøpte handelsforeininga og dreiv privat butikk der til 1938.
Kjelder
- Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok band 3. Historia 1798-1914. Skjåk kommune 1998.
- Hosar, Per: Skjåk samvirkelag 1937-1987, jubileumshefte, Skjåk 1987.