Solørlaget (Oslo)
Solørlaget var eit av innflyttarlaga i Oslo, skipa i 1896. Laget slutta seg seinare til Oslo Fylkeslag av Noregs Ungdomslag, men gjekk over til By- og Bygdelagsforbundet i 1977. Solørlaget var kjent for det gode handballlaget sitt (damelaget).
Solørlaget hadde òg eige spellag, som satte opp stykke som Kjærlege par, Friarsjau og Formål ekteskap. Innflyttarlaga var stader der jenter og guter møtte kvarandre, og ekteskap var nok målet for mange.
Kilder og litteratur
- Kjeldstadli, Knut: Den delte byen. Fra 1900 til 1948. Oslo bys historie, bind 4, Oslo 1990, s. 102 og 104.
- Solørlaget i Oslo 100 år, Solørforlaget 1996. (førebels lite nytta i denne artikkelen)
|