Stølan (Rånå)
Stølan er eit utmarksområde vest for Asbjørnsåa i Rånå i Lesja kommune. Her hadde Nigard Rånå frå gamalt seter, og det er knytt mange historier om hulder på staden (jf. Raanaa).
Det må ha vore slutt på setringa i Rånå tidleg, truleg før hundreårsskiftet 1900. Da stoffet til boka Setrane i Lesja i teikning og tekst (1988) var samla inn, kom det ingen informasjon om drift her.
På norgeskart.no er det avmerkt tre stølar: Nedre, Midtre og Øvre, men det er berre på Nedre det er tydelege spor, og det har truleg berre vore ei seter her.
Bilde
Kjelde
- Raanaa, Harald 2011: Litt frå Rånå-grenda. 271 s. Digital versjon på Nettbiblioteket